Barnehageomtaler

Les omtaler av barnehagene i Sauda her.

Brakamoen

Læring gjennom opplevingar 
Den einaste private barnehagen i Sauda finn me på Andersengja utanfor sentrum. Brakamoen Barnehage SA er den største barnehagen i kommunen med sine 90 plassar. Dei andre plassane eig foreldra sjølv gjennom andelsbrev, noko som gir ei svært nær og engasjert foreldregruppe.

Les heile omtalen av Brakamoen barnehage her

 

Leabøen

Varme og grensesettande
Leabøen barnehage finn me på Hedlot i Saudasjøen. Den nyleg utbygde barnehagen ligg flott til med nærleik til fjell, vatn, sjø og strand. Det er noko dei 14 tilsette brukar aktivt i tilbodet dei gir barna . Aktive barn er glade barn, er deira motto. Ei eiga friluftsgruppe i barnehagen legg ut på ein litt lengre tur heile 3 dagar i veka. Dei andre avdelingane er alle ute på tur minst ein dag i veka. Ut på tur, aldri sur. Vêret er aldri nokon hindring!

Les heile omtalen av Leabøen barnehage her

 

Rustå

Medverknad og fordjuping
Rustå barnehage finn me omtrent vegg i vegg med Austarheim skule, nært store, flotte og godt etablerte bustadområde ca 2,5 km frå Sauda sentrum. Trygge gang- og sykkelvegar gjer at dei eldste barna kan gå eller sykla sjølv til barnehagen. Rustå barnehage er den nyaste barnehagen i Sauda, og etter påbygg i 2009 framstår den som ein innhaldsrik og flott barnehage med plass til 50 barn.

Les heile omtalen av Rustå barnehage her

 

Veslefrikk

Historikk, mangfold og friluftsliv
Veslefrikk barnehage finn me i naturrike omgjevnadar i det ærverdige industriområdet Åbøbyen og sentrum. Dei fem avdelingane i barnehagen har plass til 82 barn og det er 20 kompetente og engasjerte vaksne som tar hand om desse små.

Les heile omtalen av Veslefrikk barnehage her

 

 Foto: Marit Helen Hølland