- Sauda365 - http://sauda365.no -

Barnehager

Via det interkommunale oppvekstprosjektet «Haugalandsløftet», får alle tilsette i barnehagane kompetanseauke og verktøy til å møta kvart barn på ein god måte. Det kollektive og tette barnehagemiljøet i Sauda viser også igjen ved eit felles prosjekt for å tryggja barna som skal starte i skulen. Gjennom tett samarbeid lar barnehagane barna få møta sine framtidige klassekameratar til kjekke og felles aktivitetar eit heilt år før barna begynner i skulen. Eit svært stabilt personale med høg fagleg kompetanse gir år etter år eit resultat som sender barnehagane i Sauda til topps på brukarundersøkingar.

Les meir om dei unike kvalitetane til barnehagane og sjå oversiktskart med plassering i Barnehageomtaler

 

 Foto: Camilla Eikevik