Skoler

Grunnskulen i Sauda er sett saman av tre barneskular og ein ungdomsskule. I tillegg er det ein vidaregåande skule og vaksenopplæring.

Skulane i Sauda oppnår gode resultat. Over tid er resultata over landssnitt både på fag- og elevundersøkingane, og det er lite mobbing. Dette er resultat som kan bli forklart med høgt fagleg nivå på lærarar og undervisning, godt og planmessig samarbeid mellom skulane og med barnehagane, samt eit nært samarbeid med heimen og lokalt næringsliv – alt unike kvalitetar for Saudaskulen.

Den desentraliserte skulestrukturen gjer at omtrent alle elevane kan gå eller sykle til skulen sin. Skulane er flittige brukarar av badeanlegget «Saudahallen», og elevane i barne- og ungdomsskulen får symjeopplæring kvart år. Relativt små skular gir eit oversikteleg og trygt miljø. Det er vanleg at rektor kjenner namna til alle elevane sine.

I eit folkehelseperspektiv er alt dette faktorar som saman bidreg til å fremja ei god og sunn helse for elevane.

Les om dei unike kvalitetane til skulane og sjå oversiktskart med plassering i Skoleomtaler

 

 Foto: Terje Hodne