Skoleomtaler

Les omtaler av skolene i Sauda her.

Austarheim skule

«Ein god stad å vera, er ein god stad å læra»
Austarheim skule ligg omtrent vegg i vegg med Rustå barnehage, nært store bustadområder ca 2,5 km frå Sauda sentrum. Den er nå den største barneskulen i Sauda. Skulen er bygd ut i fleire rundar, og for å få plass til dei omlag 170 elevane og 30 tilsette skal det igjen byggjast på skulen.

Les heile omtalen av Austarheim skule her

 

Fløgstad skule

Historikk, mangfald og «Teknolab»
I ein 90 år gamal tradisjonsrik skule midt i Åbøbyen er det eit stort fokus på gode læringsopplevingar. Fløgstad skule har omlag 125 elevar og 25 ansatte. Meir en 10 nasjonalitetar er representert ved skulen. I perioden 2007-2011 blei skulen rehabilitert og framstår i dag som ein moderne skule i ei flott historisk drakt.

Les heile omtalen av Fløgstad skule her

 

Risvoll skule

Livsglede og lærelyst
Risvoll skule finn me i vakre omgjevnadar flott plassert mellom vatn, strand, fjord og fjell i Saudasjøen, ca 3 km frå Sauda-sentrum. Dette er den minste skulen i Sauda kommune med omlag 100 elevar og 19 tilsette.

Les heile omtalen av Risvoll skule her

 

Sauda ungdomsskule

Framtidsretta læring, MOT og Grûndercamp
I det som må vera eit av Noregs flottaste ungdomsskulebygg, er det godt å vera elev. Ei nyare undersøking av ungdommar si psykiske helse og trivsel sender dei omlag 180 elevane ved Sauda ungdomsskule heilt til topp 3 i landet på dette området.

Les heile omtalen av Sauda ungdomsskule her

 

Sauda vidaregåande skule

Innovasjon og tradisjon
Nær 40 % av dei 430 elevane ved «den gode skulen i indre Ryfylke» bur på hybel eller internat. Skulen har lokaliteter på Lofthus og Birkeland i Sauda, samt på Sand i Suldal kommune. Hausten 2015 opnar eit nybygd internat i nærleik til skulen i Sauda.

Les heile omtalen av Sauda vidaregåande skule her

 

Sauda skuler
 Foto: Ingunn B. Svandal