Jobbe

Sauda har eit variert arbeidsliv kor mange av arbeidsplassane er knytt til prosessindustri, mekanisk industri, samt kraft- og energisektoren.

Ein stor del av jobbane ellers er knytt til tenesteproduksjon – særleg innan offentleg sektor med barnehage, skule og helse som dei store sektorane. Sauda er også ein god plass å bu viss du kan ta med deg jobben. Mange jobbar offshore, mens fleire velgjer å «pendla litt og leva mykje» ved å kombinera eit liv i Sauda med ein jobb i eksempelvis Haugesund eller Stavanger. Det blir stadig utvikla fleire nye og gode løysningar for å kunne ta med seg ein jobb inn i eit godt kontorfellesskap i Sauda!

Dersom du ønskjer å melda di interesse for arbeid i Sauda kan du ta kontakt med Sauda Vekst AS for ein prat og eit møte med potensielle arbeidsgivarar i Sauda. Send ei melding til post@sauda-vekst.no og du vil bli invitert til dialog. Du kan også registrera deg på jobbisauda.no. Då vil fleire verksemder få tilsendt ein kopi av det du velgjar å registrera.

Les om korleis det er å jobba ved nokre utvalde arbeidsplassar i Arbeidsplassomtaler

Ledige stillingar på NAV

Ledige stillingar på FINN

 

 Foto: Per Inge Fjellheim