Leve

Natur

«Her kan eg kasta blodtrykksmedisinene mine», uttalte ein turist som besøkte Buer og såg den mektige Fossdalsfossen. Naturen er viktig for mange. Han inviterer deg til aktivitet eller til ein fristad med ro og gode opplevingar, åleine eller saman med andre. Flott natur finnes overalt i Noreg, men få stader er den så nær og tilgjengeleg som i Sauda. Tilrettelagt natur eller urørt natur? Fjord eller fjell? Nærturar, langturar, toppturar? Det er ditt val, i Sauda finn du det meste – heile året.

Les meir her

 

Kultur

Sauda er ein kulturstad. Fleire kjende forfattarar og musikarar kjem frå industribyen. Songar, tekstar og bøker med tema og inspirasjon frå Sauda har blitt nasjonale kulturskattar. Blant desse finn me Bjørn Eidsvåg og Reidar Brendeland sine songar, og ikkje minst Kjartan Fløgstad sine karakterar og skildringar formidla i eit stort utval bøker. Satsinga på kultur gjer seg mellom anna gjeldande i nytt bibliotek, ei rekkje arrangement og ein levande kino. Kulturlivet i Sauda har noko for alle. Med meir enn 100 lag og foreiningar finns tilbod til menneske i alle aldrar!

Les meir her

 

Idrett

Idrettskulturen har alltid stått, og står sterkt i Sauda. Gjennom historia har Sauda utmerka seg nasjonalt innan turn, friidrett og vinteridrett. Det har alltid vore gode handball- og fotballmiljø, og i seinare tid har Sauda fostra ein verdsmeister i styrkeløft – Hildeborg Juvet Hugdal! Ho er ambassadør for Sauda og æresmedlem i Sauda Idrettslag, eit av dei to idrettslaga i Sauda.

Saudahallen og Sauda Stadion er to viktige anlegg som skapar aktivitet heile året, særleg etter at stadion fekk undervarme på kunstgrasmatta og løpebanen! Det finnes fleire skianlegg med oppkøyrde løyper og lys. Sauda skisenter tilbyr gode tilhøve for alpint, utfor og frikøyring.

Les meir her

 

 Foto: Per Inge Fjellheim