Idrett

Nært mangfald

Å ta med svømmebagen på fotballbanen er ikkje uvanleg for barn og unge i Sauda. Med gang-avstand mellom, kan dei rekkja både fotballtrening og ein tur i svømmehallen same ettermiddag. I Saudahallen kan ein trena både handball, svømming, klatring og skyting. Eit steinkast bortanfor, i turnhallen, er det cheerleading for store og små. Dei beste er til og med i norgestoppen. Det er og eit godt innbandymiljø. I tillegg til ei rekkje turnparti for yngre og eldre.

Sauda stadion har undervarme, noko som gjer at fotball- og friidrettstreningar kan skje ute heile året. Vinterstid er Sauda Skisenter treningsanlegget til alpin- og freeskigruppa. Langrenn held vinterstid til i Slettedalen eller på Lyngmyr, der ein begge stader finn flotte lysløyper. Desse skianlegga kan ein sjølvsagt også nytta utanfor den organiserte idretten, når ein sjølv vil.

 

Organisert og uorganisert

Skateboard-tilbod finnes for dei som likar dei meir uorganiserte idrettane. Terreng- og downhillsykling er det rike høve til i Sauda.

Landevegsykkel er populært. Det lokale sykkelarrangementet «Haugesund – Sauda» har nok ein god del av æra for det. Tilreisande fortel om «årets kjekkaste sykkelløp», når dei mange tilskodarane heiar dei over målstreken midt i Sauda sentrum. Frisk og Rask treningssenter tilbyr spinningtrening heile veka gjennom. Her finn du også ein moderne styrkesal, samt eit rikhaldig utval av gruppetrening. Treng du din eigen personlege trenar for å koma i form, får du også tilbod om det her.

Det er to idrettslag i Sauda, Ny Von og Sauda idrettslag. Desse står for stordelen av arrangementa som finn stad. Sauda turlag er også ei aktiv foreining, og dei har nå skipa eit eige turlag for barna.

Er du av dei som har kasta deg på trenden med motbakkeløp, kan du i Sauda delta i det som tidlegare langrennsløpar Kristen Skjeldal karakteriserer som eit av Noregs flottaste motbakkeløp. I løpet «Hovlandsnuten opp» møtar du trekkspelmusikk og heiagjeng heile vegen opp, om du deltek som mosjonist eller aktiv løpar. Motbakkane er blitt betre tilrettelagt nå som Sherpaer frå Nepal har laga flotte steintrapper langs ruta til toppen.

Studietilboda ved den lokale vidaregåande skulen byggjar opp under tur- og idrettskulturen i Sauda. Idrettslinje har eksistert i mange år. Dei seinare år er denne utvida med eit tilbod om ski- og snowboardlinje, og frå skuleåret 2015-16 vil fordjuping i «Villmarksliv» vera eit tilbod.

Det er enklare å ta vare på eiga helse i Sauda. Om du vil, er tilboda der!

 

Meir om tilboda innan idrett i Sauda her

 

 Foto: Per Inge Fjellheim