Kultur

I løpet av ein times vandring i og rundt Sauda sentrum, vil du kunne oppleva arkitektur som mange meiner er ei Unesco-liste verdig.

Ei Unesco-liste verdig

I løpet av ein times vandring i og rundt Sauda sentrum, vil du kunne oppleva arkitektur som mange meiner er ei Unesco-liste verdig. Frå kraftstasjonen ved smelteverket og vidare til Åbøbyen. Eller «amerikabyen» som den blir kalla, fordi dei amerikanske eigarane i dette området innfridde sine forpliktingar til å kunne driva smelteverket. Frå bustadane i Åbøbyen går vandringa vidare til Sauda klubb, eller «Klubben» på folkemunne. Dette var møtestaden for funksjonærane ved smelteverket og personar i øvre sjikt av samfunnet. Arbeidarane måtte ordna seg med si eiga stova dei kunne samlast i, og fekk bygd Folkets Hus på dugnad. Frank Aarebrot har beskrive dette bygget som «arbeiderbevegelsens stavkirke», og det er i dag planar om å gjera dette om til kulturhus i kommunen. Midt i sentrum av Sauda finn du sjølvaste Rådhuset, som i tillegg til kommuneadministrasjonen også husar ein kommunal kino. Kinosalen, med den karakteristiske bølgja himlingen, tegna av den anerkjende arkitekten Gustav Helland, er i stor grad bevart frå Rådhuset då sto ferdig i 1940. Sauda var tidleg ute med å digitalisera kinoen, og syner såleis premierefilmar samtidig som storbyane.

Mest vegg i vegg med kinoen finn du Ryfylkebiblioteket Sauda. Det er eit moderne og universelt utforma bibliotek med eit rikhaldig innhald. I tillegg til utlån av bøker blir det også gjennomført ulike arrangement her. «Bokbad», kunstutstillingar og foredrag, gjerne i samarbeid med filmframsyningar i kinosalen.

 

Rikhaldig kulturtilbod for alle

Sauda sin overgang frå bondesamfunn til eit moderne industrisamfunn, førte til ei stor befolkningsauke på kort tid. Dette var sterkt medverkande til ei oppblomstring av mange frivillige lag og organisasjonar. Denne sterke evna og viljen til å skapa aktivitet er ein del av saudaidentiteten den dag i dag. Her er mange som kan og vil, og eit synleg bevis på dette er alle dei over 100 lag og organisasjonar som framleis finnes. Mange av laga har sitt opphav i industrikulturen, og den store interessa for historia kjem til uttrykk når det aktive Sauda sogelag inviterar til samlingar. Menigheten Salem driv aktivt førebyggjande ungdomsarbeid langt utover ordinært menighetsarbeid. Den årlege «Salemscupen» er blitt eit trekkplaster for fotballspelarar over heile landet. Å engasjera seg for andre gjer også Mental Helse, Zonta og Fairtrade Sauda. Fleire lokale songkor trekk alltid fulle hus når dei sett opp førestillingar, og i det lokale revy- og teaterlaget finn du kreative og dyktige forfattarar, skodespelarar og songarar.

Sauda kulturskule er i ei rivande utvikling, og har heile 160 medlemmer. Her kan elevane blant anna spela eit instrument, dansa, teikna, måla og syngja. Det unike samarbeidet med barneskulane om å læra elevane å spela eit korpsinstrument som del av musikkopplæringa, har også ført til ei oppblomstring av korpsmiljøet.

Og skulle du ikkje finne det du ønskjer blant alt dette, så har du kome til den rette staden når det gjeld å ta initiativ og vera drivar.

 

Meir om kulturtilboda i Sauda her

 

 Foto: Per Inge Fjellheim