Natur

Mektig og nært

Veit du skilnaden mellom «bekkar som klukkar» og «bekkar som brusar»? Dette er gjerne uttrykk som blir brukt i songar, dikt eller forteljingar, men i Sauda kan du finne ut av denne skilnaden ved å berre lytta. I Åbødalen kan du sjå den fantastiske Fossdalsfossen kasta seg utfor fjellsidene, eller du kan vandra inn under Kvanndalsfossane og sjå han frå innsida. Svandalsfossen finn du på vegen mot Sauda. Den er del av Nasjonal turistveg, og er ein lunefull og mektig foss som gjerne stengjer vegen til og frå Sauda når nedbørsmengdene er for store. Trapper og stiar gir ei flott oppleving av Svandalsfossen.

Naturopplevingane ventar like utanfor stovedøra di. Lillebekk er eit sentrumsnært turområde som er godt tilrettelagt både for barnevogn og for rullestolbrukarar. Langs elvebreidda kan du oppleva fin natur. Vil du utfordra pulsen litt meir, kan du ta turen opp til det som etterkvart er blitt Saudas mest populære turmål: Rondehaugen. Kan hende møtar du sjølvaste «Rondehaugtrollet?»

Rødstjernet i Saudasjøen innbyr til både kanopadling, fiske og bading om sommaren. Om vinteren kan du, med dei rette tilhøva, gå på skøyter her. I Åbødalen ligg Klovsteintjødna, eller «Storemyr» som den bli kalla på folkemunne – ein godt tilrettelagt badeplass om sommaren. Her finn du både grill, bord, benkar og gapahuk. Om vinteren finn du oppkøyrde eller merka skiløyper. Det same gjer du på Lyngmyr, i Maldal, Nordstøldalen, Svandalen, Slettedalen og Breiborg.

 

Toppturar og langturar

Er du ein såkalla «nutfant» er det nok av nutar å oppsøka i Sauda. Hovlandsnuten, Tempreidnuten, Tengsdalsnuten, Buernuten, Reinsnuten eller høgaste punkt i Sauda som ligg 1602 moh, Kyrkjenuten.

Vil du på andre langturar vinterstid kan turen frå Breiborg til Maldal anbefalast. Skaulen er også eit flott turmål for den som vil strekka seg litt lengre.

Og vil du oppleva naturen på høgfjellet utan å bruke beina, er køyreturen frå Sauda til Røldal ei flott oppleving, og del av nasjonal turistveg Ryfylke.

 

Les meir om ferie og fritid i Sauda på saudaferie.no

 

 Foto: Per Inge Fjellheim